mandag 27. oktober 2008

Nye tider i dansefaget gjeldande frå veke 44

På grunn av kolisjonar med andre aktivitetar har vi endra tidene for dansefaget igjen.
Dei nye tidene er desse:

Tysdag:
14.15 – 15.15              5.- 6. klasse Stranda
15.30 – 16.30             3. klasse Stranda
16.30 – 17.30             7. klasse Stranda
17.30 – 19.00             8.klasse og eldre

Torsdag:
13.00 – 14.00            1. – 4. klasse Helstad (På Helstad Skule)
14.15 – 15.15             1. – 2. klasse Stranda (Kulturhuset)
15.15 – 16.15             4. klasse Stranda (Kulturhuset)

fredag 10. oktober 2008

DANSEFAGET ETTER HAUSTFERIEN
Etter ein del oppstartproblem trur vi no at dansefaget er i ferd med å ”sette” seg. Det å få ein lærar frå ein anna tradisjon og kultur enn den norske er berikande for skulen vår, men det fører også med seg ein heil del utfordringar. Ein del av desse utfordringane var vi klar over før vi starta opp – ein del har kome overraskande på oss. Vi har likevel forsøkt å ta fatt i dei ulike situasjonane som har oppstått etterkvart, og har tru på at vi no er på rett veg. Tilbakemeldingar frå elevar/foreldre er noko vi set pris på, uansett om det er ris eller ros!
Eitt av problema har vore å halde på tidene. Dette skuldast ein radikal kultursforskjell mellom Noreg og Ukraina. Eg har gjentekne gongar tek opp dette, og trur det har vorte betre. Dersom timane i framtida går langt over dei oppsette tidene ber eg dykk no om å hente ut barna frå timen. Læraren er også informert om at de i framtida kan hente ut barna dersom timen ikkje sluttar på tida.
Ein anna grunn er at nokre av gruppene var sett opp med for kort tid. Etter haustferien vil difor alle gruppene verte sett opp med 1t dansetid. Den eldste gruppa har fått 1,5t dansetid.
Vi må også endre noko på oppsette av timeplanen etter haustferien. Den viktigaste endringa vert at vi må flytte torsdagsundervisninga til tysdagar. Dette skuldast delvis norskundervisninga til læraren, delvis tilhøve her på huset. Gruppeinndelinga vert også noko ansleis.
Det at den yngste gruppa er flytta til kveldstid skuldast signal frå ein del foreldre om at dette er ei betre tid. Det er også eit ynskjer frå læraren si side at foreldra, særelg til desse yngste, kan vere med på timen – ikkje berre som passive tilskodarar, men som aktive deltakarar.
Eg har sett opp følgjande timeplan. Frå og med tysdag 14. oktober er det denne timeplanen som gjeld.

 
Tysdag 14.15 – 15.15 5.- 6. klasse
Tysdag 15.30 – 16.30 3. klasse
Tysdag 16.30 – 17.30 7. klasse
Tysdag 17.45 – 18.45 1. – 2. klasse
Tysdag 18.45 – 20.15 8.klasse à (Dei to eldste gruppene er slegne saman)
Fredag 12.45 – 13.45 Helstad 1. – 4 klasse (NYTT TILBOD)
Fredag 14.15 – 15.15 4. klasse


Trond Otto Berg
Rektor