mandag 8. juni 2009

Øvingar før somamrkonserten



Sjå vedlagde plan for konserten fredag 12.juni.
i kolonna "øving i veka før" er det oppgitt øvingstider for dei ulike gruppene. Dersom det ikkje står noko i denne kolonna, betyr det at læraren har avtalt øvingstid direkte med deg, eller at du berre møter til den vanlege speletimen din.

I kolonna "Lydprøve/øving fredagen i Storsalen" står det kva tid di gruppe skal ha øvingstid og lydprøve før konserten. Vi tek til rett etter skuletid med dei første gruppene. Det er knapt med tid til øvingar denne dagen. Det er difor viktig at de møter opp i god tid, slik at vi slepp å vente på at enkelte skal kome på plass. Møt difor opp minimum 10 minutt før den oppsette tida!.

Dei som skal øve tidleg på ettermiddagen kan reise heim etter øvinga og før konserten. ALLE må likevel vere på plass igjen før øvinga med "Elevkoret" kl. 17.30.

Konserten tek til kl. 18.30. Ta med deg familien, slekt, venner og andre slik at vi fyller kulturhuset denne dagen! Dette vert ein FANTASTISK flott konsert!


Kontakt læraren din eller rektor dersom det er noko du lurer på.