onsdag 30. desember 2009

Meling til KorKULT! og Kulturell Førskule

Gro Inga har vore lærar på desse gruppene gjennom hausten 2009. Ho har no så stor pågang i si eiga bedrift at ho vel å slutte som lærar i kulturskulen. Vi har arbeidd med å få på plass ei ny lærar, men har ikkje lukkast med å skaffe ein ny lærar som kan undervise på dei tidene desse to gruppene no er sette opp.

Gjennom den undersøkinga vi hadde like før jul kom det fram at det for enkelte var umulig å byte tider slik det var sett opp i den meldinga. Difor endrar vi ikkje tidene no, men forsøker å finne en annan måte å løyse denne utfordringa på.

Første veka etter jul, (5.januar), vert undervisninga difor på dei same tidene som de hadde før jul. Undervisninga vert på desse tidene inntil de høyrer noko anna.

Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart vi har noko.

Med Helsing
Rektor

mandag 7. desember 2009

Melding til Kulturell Førskule og Kor'KULT!

Kulturell Førskule og Kor'KULT! er avlyst 8.desember. Juleavslutniga de skulle hatt denne dagen er flytta til 15.desember.

Stranda Kulturskule har hausten 2009 hatt eit samarbeidsprosjekt med Stranda Ungdomsskule. Målet har vore å sette opp delar av musikalen "GREASE" i Storfjord Kulturhus. Denne forestillinga vert onsdag 9.desember.

På grunn av ekstraøvingar til "Grease" må vi imidlertid flytte noko av den vanlege undervisninga vår.

Vi seier oss leie for dette.

Med Helsing
Rektor