torsdag 4. desember 2008

Imvitasjon til konsert med Håvard Gimse

INVITASJON
Stranda Kulturskule er svært stolte over å kunne tilby denne heilt spesielle ”julegava” til alle elevane våre frå ca.  ungdomsskulealder og oppover.

Laurdag 6. desember kjem ein av dei fremste pianistane i Noreg til Stranda og Storfjord Kulturhus.

Stranda Kulturskule har fått i stand ein eksklusiv avtale med Håvard Gimse om eit ”konsertforedrag” før konserten han skal halde i Kulturhuset. Vi har valt å gjere dette foredraget (så godt som) obligatorisk for elevane våre frå ungdomsskulealder og oppover. Før konserten vil han snakka litt om det å vere musiker på topp internasjonalt nivå og presentere litt av musikken han skal spele seinare i konserten.

Vi har også fått i stand ein spesialavtale med Storfjord Kulturhus der elevar i kulturskulen får halv pris på billetten. (kr. 100,-) Dette er ei unik muligheit for elevane våre og vi vil på det sterkaste oppmode alle elevane om å møte opp på dette foredraget/konserten.
Tid for foredraget er kl. 18.45 (ver ute i god tid). Konserten tek til kl. 19.30. Billettar kjøper de i kafeen i kulturhuset. Oppgje at de er elevar i kulturskulen når de kjøper billett, så får de spesialprisen.

Trond Otto Berg
Rektor


Sagt om Håvard Gimse:
Håvard Gimse har etablert seg som en av Skandinavias fremste pianister med betydelig oppmerksomhet fra internasjonal presse og publikum.
"En ny Nordisk klavergud" skrev New York Sun, etter en konsert i New York ifjor.
"Stjerne-tolkninger av Chopin" - International Listeners Magazine
"En rival til de store mestre" - Gramophone
"En av vår tids mest kultiverte, musikalske pianister" - Classics Today

Siden han vant 1.pris i den Europeiske Klaverkonkurransen for Ungdom "Jugend Musiziert" i Frankfurt i 1987, har Gimse skapt seg en stadig økende internasjonal virksomhet som pianist, uten å delta i klaverkonkurranser. Av utmerkelser han ellers har mottatt, kan nevnes "Steinway-prisen" (1995), den ærefulle "Grieg-Prisen" (1996) og det norske Sibelius Selskapets "Sibelius-Pris" (November 2004).
Med mer enn 30 internasjonalt roste CD-innspillinger bak seg, er Gimse allerede en av de betydeligste norske klassiske grammofon-artister gjennom tidene. Mange av innspillingene har fått strålende anmeldelser ogtop score i internasjonale fagtidsskrifter som Gramophone, (bl.a. flere "Editors´s Choice"), CD Review, BBC Music Magazine, Phono Forum og i Penguin Guide 2003/2004, bl.a. Sibelius´samlete klaververk og Tveitts klaverkonserter, (Naxos). Hans CD-innspilling av Griegs Klaverkonsert for Naxos er også blitt en internasjonal bestseller.
Han har gitt kritikerroste solist-konserter i de fremste konsertsaler så som Schauspielhaus Berlin, Concertgebouw Amsterdam, Wigmore Hall London (Young Masters Serie), New York Carnegie Hall, og St.Petersburg Filharmoiniens store sal. Hvert år siden 1986 har han opptrådt på Festspillene i Bergen,- som solist i Griegs Klaverkonsert, med egen solokonsert og i utallige kammermusikk-sammenhenger.

mandag 27. oktober 2008

Nye tider i dansefaget gjeldande frå veke 44

På grunn av kolisjonar med andre aktivitetar har vi endra tidene for dansefaget igjen.
Dei nye tidene er desse:

Tysdag:
14.15 – 15.15              5.- 6. klasse Stranda
15.30 – 16.30             3. klasse Stranda
16.30 – 17.30             7. klasse Stranda
17.30 – 19.00             8.klasse og eldre

Torsdag:
13.00 – 14.00            1. – 4. klasse Helstad (På Helstad Skule)
14.15 – 15.15             1. – 2. klasse Stranda (Kulturhuset)
15.15 – 16.15             4. klasse Stranda (Kulturhuset)

fredag 10. oktober 2008

DANSEFAGET ETTER HAUSTFERIEN
Etter ein del oppstartproblem trur vi no at dansefaget er i ferd med å ”sette” seg. Det å få ein lærar frå ein anna tradisjon og kultur enn den norske er berikande for skulen vår, men det fører også med seg ein heil del utfordringar. Ein del av desse utfordringane var vi klar over før vi starta opp – ein del har kome overraskande på oss. Vi har likevel forsøkt å ta fatt i dei ulike situasjonane som har oppstått etterkvart, og har tru på at vi no er på rett veg. Tilbakemeldingar frå elevar/foreldre er noko vi set pris på, uansett om det er ris eller ros!
Eitt av problema har vore å halde på tidene. Dette skuldast ein radikal kultursforskjell mellom Noreg og Ukraina. Eg har gjentekne gongar tek opp dette, og trur det har vorte betre. Dersom timane i framtida går langt over dei oppsette tidene ber eg dykk no om å hente ut barna frå timen. Læraren er også informert om at de i framtida kan hente ut barna dersom timen ikkje sluttar på tida.
Ein anna grunn er at nokre av gruppene var sett opp med for kort tid. Etter haustferien vil difor alle gruppene verte sett opp med 1t dansetid. Den eldste gruppa har fått 1,5t dansetid.
Vi må også endre noko på oppsette av timeplanen etter haustferien. Den viktigaste endringa vert at vi må flytte torsdagsundervisninga til tysdagar. Dette skuldast delvis norskundervisninga til læraren, delvis tilhøve her på huset. Gruppeinndelinga vert også noko ansleis.
Det at den yngste gruppa er flytta til kveldstid skuldast signal frå ein del foreldre om at dette er ei betre tid. Det er også eit ynskjer frå læraren si side at foreldra, særelg til desse yngste, kan vere med på timen – ikkje berre som passive tilskodarar, men som aktive deltakarar.
Eg har sett opp følgjande timeplan. Frå og med tysdag 14. oktober er det denne timeplanen som gjeld.

 
Tysdag 14.15 – 15.15 5.- 6. klasse
Tysdag 15.30 – 16.30 3. klasse
Tysdag 16.30 – 17.30 7. klasse
Tysdag 17.45 – 18.45 1. – 2. klasse
Tysdag 18.45 – 20.15 8.klasse à (Dei to eldste gruppene er slegne saman)
Fredag 12.45 – 13.45 Helstad 1. – 4 klasse (NYTT TILBOD)
Fredag 14.15 – 15.15 4. klasse


Trond Otto Berg
Rektor

onsdag 17. september 2008

Skulerute vår 2009



Her er skuleruta for kulturskulen våren 2009.
Merk at kulturskulen har andre studiedagar enn grunnskulane i kommuna.
Særleg ber eg dykk merke dykk at vi har undervisningsfri 4. - 6. februar OG 10. februar.
Skuleruta vert også sendt ut i papirkopi til alle familiar.

Skuerute, Haust 2008



Her er skuleruta for kulturskulen hausten 2008.
Merk at kulturskulen har andre studiedagar enn grunnskulane i kommuna.
Særleg ber eg dykk merke dykk at vi har undervisningsfri 24. - 26. september OG 30. september.
Skuleruta vert også sendt ut i papirkopi til alle familiar.

Vikartimeplan for Gunnar Inge sine elevar

Gunnar Inge og Carolin fekk ein son fredag 12. september. Gunnar Inge har difor farspermisjon denne veka.

Vikartimeplan for elevane til Gunnar Inge Eide, Torsdag 18. september.
Vikar vert Vidar Skogly.
Dersom dei nye tidene ikkje passar, så kan de byte time innbyrdes.

Josefine Hagen        14.15 - 14.40
Julie Rimstad          14.40 - 15.05
Ingvild Alnes           15.05 - 15.30
Reidun Grønbeck    16.00 - 16.25
Ingrid Fjørstad        16.25 - 16.50
Synnøve Årdal         16.50 - 17.15
Elin Magnell             17.15 - 17.40

Vel møtt!  

NB! For timane i Geiranger vert det eit eige opplegg.

mandag 26. mai 2008

OPPSETT SOMMARAVSLUTNINGAR 2008

OPPSETT SOMMARAVSLUTNINGAR 2008

Vi har sett opp følgjande timeplan for avslutningsarrangementa i Kulturskulen sommaren 2008.

Fredag 30. mai kl. 18.00          Opning av kuntsutstilling i Kalvehagen
Tysdag 3. juni kl. 19.30            Danseforestilling med danseklassene
Onsdag 4. juni Konsertdag.      Konsertar kl. 18.00, 19.30
Tysdag 10. juni kl. 17.00          Barnehagedans.

Vedt stor påmelding til konsertane 4. juni, kan det vere at vi arrangerer tre konsertar.  Desse vert i tilfelle kl. 17.00, 18.30 og 20.00

Undervisninga går fram til ”avslutnigsdagen” for det aktuelle faget. Etter dette tek vi sommarferie. Derosm læraren di har avtalt noko anna med deg, skal du følgje det som læraren har avtalt.


Trond Otto Berg
Rektor

fredag 25. januar 2008

Vikartimeplan Andre Ramstad , Stranda

VIKARTIMEPLAN STRANDA, ANDRE RAMSTAD
I samband med at Turid er sjukmeld fram til vinterferien har vi sett opp ny timeplan for Stranda. Vi har fått inn Andre Ramstad som vikar. Han kan ta undervisninga på tysdagar. Timeplanen under gjeld for tysdag 29. januar og tysdag 5. februar. Etter vinterferien er truleg Turid tilbake som normalt.
Vi har prøv at så mange som råd får same speletimen som normalt., men vi har ikkje fått til dette for alle.
Vi håper denne timeplanen passar for alle elevane. Dersom de ikkje kan møte, kan de byte time innbyrdes.
Vi seier oss leie for evt. Ulemper denne omlegginga medfører for dykk.


12.30 12.55 Hanna Gjerde          (Hjorten)
12.55 13.20 Tonje Liset               (Rom 2 )
13.20 13.45 Isabell Øverland      (Rom 2)
14.15 14.40 Anett Gjerde            (Hjorten)
14.40 15.05 Viktoria Østertun   (Hjorten)
15.05 15.30 Marte Slettebakk   (Hjorten)
15.30 15.55 Anja Magnell           (Hjorten)
15.55 16.20 Mina Kjetlien           (Hjorten)


Trond Otto Berg
Rektor

TIMEPLAN LIABYGDA ASKJELL MOLVÆR

TIMEPLAN LIABYGDA ASKJELL MOLVÆR

I samband med at Turid er sjukmeld fram til vinterferien har vi sett opp ny timeplan for Liabygda. Vi har fått inn Askjell Molvær som vikar. Han kan ta undervisninga på torsdagar. Timeplanen under gjeld for torsdag 31. januar og torsdag 7. februar. Etter vinterferien er truleg Turid tilbake som normalt.
Vi har fått sett opp ein del av timane i skuletida for dei av elevane som går på Liabygda Skule. Dei som har undervisning torsdagar har vorte sett på på same tidene som dei har i dag. To elevar er flytta til seinare på ettermiddagen.
Vi håper denne timeplanen passar for alle elevane.
Vi seier oss leie for evt. Ulemper denne omlegginga medfører for dykk.

 
11.45 12.25 Martin Lied Aarnes
12.25 12.50 Matias Lied
12.50 13.15 Halvard Lied
13.15 13.40 Lucas Guadiamos
13.40 14.05 PAUSE
14.15 14.40 Melinda Guadiamos
14.40 15.05 Aksel Lied
15.05 15.30 Anna Gjerde Lied
15.30 15.55 Janita Moe
15.55 16.20 Ellen Marie Lied/Henriette Lied
16.20 16.30 PAUSE
16.30 16.55 Ingvild Ytterdal
16.55 17.20 Daniel Lied



Trond Otto Berg
Rektor

lørdag 12. januar 2008

Utsett oppstart på Dansefaget.

På grunn av ei rad uheldege omstende ser vi oss nøydde til å utsette oppstarten av dansefaget.
Ny dato for oppstart vert måndag 21.januar.  Vi vil sende ut brev med nærare informasjon om gruppeinndeling og frammøtetider ein av dei første dagane.  

fredag 4. januar 2008

Framleis ledige plassar på Dansefaget

Etter å ha registeret alle søknadene på det nye dansefaget i Stranda Kulturskule har vi framleis ein del ledige plasser.  Vi utvidar difor søknadsfristen for faget.  Ny søknadsfrist vert difor torsdag 10.januar.  

Det er først og fremst frå 7. -10. klasse vi har få søkjarar.  Dei som vert prioriterte ved opptak er difor:
1. Elevar som gjekk på dansefaget før jul.
2. Elevar frå 7. - 10. klasse
3. Ledige plassar vert fyllt opp fortløpande ettersom søknadene kjem inn! Det lønner seg å vere tidleg ute!

Slik søknadene fordeler seg ser vi at vi vil ha ledige plassar også for 5.klassingar.  
Dersom vi ikkje kan fylle opp ei danseklasse for 5.klassingar vil vi også opne for 
4.klassingar.  Både 5.klasingar og 4.klassingar kan difor søkje om opptak no 
i denne utvida søknadstida. 

Vi minner også om at ALLE som gjekk på dansefaget i haust og som ynskjer å fortsette må melde seg inn på nytt!!!! Snart halvparten av elevane frå hausten har ikkje meldt seg på for vårsemesteret.  Vi vel å tru at dette skuldast ei misforståing.  For elevar som gjekk i haustsemesteret held det å sende ein mail til kulturskulen@stranda.kommun.no om at de ynskjer å fortsette.

Andre elevar må sende inn nytt søknadsskjema. De finn dette på kommunen sine heimesider, på kulturhuset, biblioteket eller servicekontoret.

Send søknaden i posten til Stranda Kulturskule, Boks 264, 6201 STRANDA eller på e-post til kulturskulen@stranda.kommune.no

Med Helsing
Rektor