onsdag 30. desember 2009

Meling til KorKULT! og Kulturell Førskule

Gro Inga har vore lærar på desse gruppene gjennom hausten 2009. Ho har no så stor pågang i si eiga bedrift at ho vel å slutte som lærar i kulturskulen. Vi har arbeidd med å få på plass ei ny lærar, men har ikkje lukkast med å skaffe ein ny lærar som kan undervise på dei tidene desse to gruppene no er sette opp.

Gjennom den undersøkinga vi hadde like før jul kom det fram at det for enkelte var umulig å byte tider slik det var sett opp i den meldinga. Difor endrar vi ikkje tidene no, men forsøker å finne en annan måte å løyse denne utfordringa på.

Første veka etter jul, (5.januar), vert undervisninga difor på dei same tidene som de hadde før jul. Undervisninga vert på desse tidene inntil de høyrer noko anna.

Vi kjem tilbake med meir informasjon så snart vi har noko.

Med Helsing
Rektor

mandag 7. desember 2009

Melding til Kulturell Førskule og Kor'KULT!

Kulturell Førskule og Kor'KULT! er avlyst 8.desember. Juleavslutniga de skulle hatt denne dagen er flytta til 15.desember.

Stranda Kulturskule har hausten 2009 hatt eit samarbeidsprosjekt med Stranda Ungdomsskule. Målet har vore å sette opp delar av musikalen "GREASE" i Storfjord Kulturhus. Denne forestillinga vert onsdag 9.desember.

På grunn av ekstraøvingar til "Grease" må vi imidlertid flytte noko av den vanlege undervisninga vår.

Vi seier oss leie for dette.

Med Helsing
Rektor

onsdag 4. november 2009

Tider for lydprøver 13. november

Vi har sett opp følgjande tider for lydprøver i Storfjord Kulturhus fredag 13. november.

Det er viktig at kvar enkelt kjem seg til kultuhuset I GOD TID før desse tidene, og ta de har med ALT utstyret de treng! Vi har knapt med tid denne dagen, og det vert ikkje mykje tid for den enkelte til å ØVE på scena. Vi er difor avhengige av at alle møter GODT FØREBUDD!

Dei som har tidleg øvingstid (til og med "Smoke on the water") kan reise heim og ete/evt skifte etter lydprøva. Den siste gruppa vil ikkje rekke heim etter lydprøva og før konserten.



Barnekor – kl. 14.50

Feleorkester – kl. 15.20

Piano Orkester – kl. 16.05

Killing me softy – kl.16.15

Smoke on the water – kl. 16.35

Storband – kl.16.55
(Come on Come over + Watermelon man)

Om du lurer på noko i samband med dette "Showet" kan du kontakte læraren din direkte eller rektor.

VEL MØTT!

.. og ta med deg maaaaaaange venner, familie og kjende på dette SHOWET!

tirsdag 27. oktober 2009

Grupper og øvingsplan før Haustshow 13.nov

1. ”Killing me Softly” – am
Mia og Thea Urke - vokal
Katrine Ødegård, Malin Corneliussen - piano
Fredrik Røstvik, Erlend Støbakk - perc
Markus Engås, Olav Bjørdal, Andrè Drege – gtr/bass
2. ”Smoke on the Water” –
Oskar, Eirik Lind, Kristoffer og Kornelius Bø, Aksel Helstad.
3. ”Come on Come over” – Storband – tr: Erling Ove, pn(AM elev)
“Watermelon Man” – Storband – tr: Håvard Eliassen, pn(AM elev)
Jonatan, Øyvind, Thomas – gtr/bs
Erling Ove – trommesett
Andreas, Jonatan – blås – evt Gro Inga, Andreas(lærer), Gunnar Inge og Trond Otto
4. “Hvem kan segla” og “Sambalele” - Piano orkester – piano elever fra Hellesylt
5. Marsj – Feleorkester
Hellesylt fele elever, Thugica fra Stranda sammen med Fredrik på tr. og bass/gtr
Vals – Feleorkester
Hellesylt fele elever, Thugica fra Stranda sammen med Odd Rune på tr. og bass/gtr
6. ”Fuglesangen” – KorKult
7. ”Alle tremenninga i allmenningen” - Kulturell Førskole
8. ”Tir n’a Noir” Barnekor


Øvinger:

Torsdag 29.oktober
Kl.18.00 – 19.00 ”Killing me softly”
Kl. 19.00 – 20.00 ”Smoke on the water”

Torsdag 5.november
Kl.18.00 – 20.00 Storband

Torsdag 12.november
Kl.18.00 – 19.00 Killing me Softly og Smoke on the Water
Kl.19.00 – 20.00 Storband

tirsdag 1. september 2009

Oppdatert Vikartimeplan Elise Gjærde

Elise er vikar for Gunnar Inge sine Strandaelevar.

Dette er øvingstidene de skal ha i vikarperioden.

Ingrid Karoline Tryggestad Fjørstad Onsdag kl. 17.00 - 17.20
Reidun Pauline Grønbeck Onsdag kl. 17.20 - 17.40
Julie Osnes Riomstad Onsdag kl. 17.40 - 18.00
Josefine Emilie Hagen Onsdag kl. 18.00 - 18.20

Denne plannen gjeld fram til ny melding vert gitt.

mvh
Rektor

fredag 28. august 2009

FLYTTING av Kulturell Førskule og Kor'KULT!

Kulturskulen har motteke fleire oppmodingar om å endre stad eller tid for Kulturell Førskule og Kor'KULT! Vi har snakka om dette i kollegiet og kontakta Ringstad Skule om vi kunne halde til der. Dette var greitt for skulen.

Kulturell Førskule og Kor'KULT! vert difor flytta frå Kulturhuset til MUSIKKROMMET på Ringstad Skule frå og med neste veke. Tidene vert dei same. (Kulturell Førskule kl. 13.15 - 14.15, Kor'KULT! kl. 14.30 - 15.30)

VEL MØTT!

mvh
Rektor.

mandag 24. august 2009

Vikarar for Gunnar Inge Eide

Gunnar Inge Eide er ute i farspermisjon i tida fram til 23.oktober. Vi hadde laga eit vikaropplegg, men dette har av ulike årsaker vorte endra.
No er følgjande planar sette opp:
Stranda sentrum:
Onsdagar, Hjorten, Lærar: Elise Gjærde.
16.50 – 17.10 Ingrid Karoline Tryggestad Fjørstad
17.10 – 17.20 Josefine Emilie Hagen
17.20 – 17.40 Julie Osnes Rimstad
17.40 – 18.00 Reidun Pauline Grønbeck
Torsdagar, Kalvehagen. Lærar: Trond Otto berg
15.35 – 15.55 Jonathan Rekdal
Fredagar, Sunnylven,
Andre Ramstad. 28. august, 4. september, 16. oktober.
Mass Petter Jelle, 11. september, 18. september, 2. oktober og 23. oktober.
Skulen sett opp rekkefølgje på elevane og gjev beskjed om dette.

Geiranger, Messing.
Planen er ikkje sett opp enno, men vi arbeider med den. Det kjem truleg meir på dette i løpet av få dagar.

Trond Otto Berg
Rektor

mandag 8. juni 2009

Øvingar før somamrkonserten



Sjå vedlagde plan for konserten fredag 12.juni.
i kolonna "øving i veka før" er det oppgitt øvingstider for dei ulike gruppene. Dersom det ikkje står noko i denne kolonna, betyr det at læraren har avtalt øvingstid direkte med deg, eller at du berre møter til den vanlege speletimen din.

I kolonna "Lydprøve/øving fredagen i Storsalen" står det kva tid di gruppe skal ha øvingstid og lydprøve før konserten. Vi tek til rett etter skuletid med dei første gruppene. Det er knapt med tid til øvingar denne dagen. Det er difor viktig at de møter opp i god tid, slik at vi slepp å vente på at enkelte skal kome på plass. Møt difor opp minimum 10 minutt før den oppsette tida!.

Dei som skal øve tidleg på ettermiddagen kan reise heim etter øvinga og før konserten. ALLE må likevel vere på plass igjen før øvinga med "Elevkoret" kl. 17.30.

Konserten tek til kl. 18.30. Ta med deg familien, slekt, venner og andre slik at vi fyller kulturhuset denne dagen! Dette vert ein FANTASTISK flott konsert!


Kontakt læraren din eller rektor dersom det er noko du lurer på.

fredag 29. mai 2009

Sommarkonsert

Kulturskulen arrangerer Somamrkonsert i Storfjord Kulturhus 12.juni 2009 kl. 18.30.

Følgjande elevar/grupper er FØREBELS sett opp som deltakrarar på konserten.

"Gruppe 6 - The Patrics" (Love i s all around, Everything I do)
"Pianoorkester I" - The Rose
Pianoorkester II" - Sammensangen
"Kor'KUT!"
Pianoorkester Liabygda
Felegruppa frå Sunnylven og Stranda
Helene Kjølås
Elise Ringset
Messingkvintetten
Elevkor m/alle deltakrarane på Konserten + Liabygda Skule

Det vil kome litt fleire deltakrarar enn dette.

Dei ulike gruppene har fått/vil få tilsend plan over øvingar før konserten, eller så har læraren din avtalt øvingane direkte med deg.

Sett av dagen no, og kom gjerne på konserten sjølvom du ikkje skal spele sjølv.

tirsdag 19. mai 2009

Vikartimeplan for Mass Petter 20.mai

Timeplan for Vikartimane til Mass Petter. Denne timeplanen gjeld berre onsdag 20.mai.

1535 – Marie Vangen
1610 – Katrine Ødegård
1635 – Kissor Jeyabalan
1700 – Lisa Marie Grøndahl
1725 – Ragnhild Årvik
1750 – Astrid Johanne Tryggestad Fjørstad
1815 – Tonje Corneliussen
1840 – SLUTT

Om du ikkje kan møte på den nye tida så gi beskjed. De kan også byte tider dykk imellom.
Vi beklagar desse endringane, men håper det passar for alle.

mandag 20. april 2009

Viktig info til danse-elevane

Læraren i dans er for tida sjukemeld. Førebels gjeld sjukemeldinga ut april månad. Det er ikkje usansynleg at den kan verte forlenga vidare utover dette....

Dansen er difor avlyst inntil vidare. Dersom vi kjem igang igjen før sommaren vil det verte gjeve melding om dette.

Kulturskulen er svært lei seg for dette! Vi hadde god tru på at dansefaget ville fungere godt no i vårsemesteret. Dette har det ikkje gjort. Vi beklagar dette på det sterkaste. Vi vil forsøke å gå igjennom dansefaget på nytt med tanke på å få på plass eit noko sikrare system frå hausten av.

Eg forstår sjølvsagt at de er skuffa over det tilbodet de har fått i dans i vårsemesteret. Det manglande tilbodet står ikkje i samsvar med det de forventa då de melde dykk på. Det er heller ikkje i nærleiken av det kulturskulen sa vio skulle levere. Når det gjeld betaling for tilbodet har vi ikkje bestemt enno kva som skjer med den, men betalinga vil stå i samsvar med det tilbodet de faktisk har fått!

Igjen må kulturskulen beklage på det sterkaste at vi ikkje har levert det tilbodet de forventa å få. Sjukdom er det ingen som kontrollerer, og det har vist seg uråd å få inn vikar når den faste læraren er sjukemeld. Vi ber om forståing for dette.

Med Helsing
Trond Otto Berg
Rektor

fredag 3. april 2009

LÆRARKONSERT

Stranda Kulturskule inviterer til STOR lærarkonsert i Stranda Kulturskule I KVELD kl. 19.30 i Storfjord Kulturhus.

Vi gjentek suksesen frå i fjor og arangerer ein spanande og innhaldsrik konsert der lærarane i kulturskulen skal vise kva dei har å fare med!

Vi får høyre dei fleste lærarane i Kulturskulen i ulike konstellasjonar og med ulike band og sjagrar.
Ikkje nok med det... Saman med oss har vi ikkje mindre enn tre ulike elevband!

Av programmet kan vi nemne.
Moværs "All Star" Ragtimeorkester
Stranda Messingkvintett
Ramstads Jazzorkester
Free Flow Crew
Foxy
3 ulike elevorkeser
Klaverorkester
og mykje meir........


Ta med deg din bedre halvdel, ein venn.. eller nokon du møter på vegen... og kom til STORFJORD KULTURHUS i Kveld og få med deg denne swingane starten på påska.

GRATIS INNGANG!!!!

onsdag 1. april 2009

Køyreplan for elevar FREDAG 3.april



NB!!! MØT OPP MINIMUM 15 MINUTT FØR OPPSETT TID FOR LYDPRØVE!

Free Flow Crew møter SEINAST 18.30
Gruppe 1 "Mustang Sally" møter SEINAST 18.00
Gruppe 2 "Beatles sanger" møter SEINAST 18.15

Messingkvintett møter SEINAST kl. 19.00

"Toss the feathers" (The corrs) møter seinast kl. 16.45

mandag 16. mars 2009

Informasjon til påmelde i dansefaget

Diverre er danselæraren vår sjukmeld ut denne veka. Vi håper og trur at ho er tilbake frå og med neste veke.

Diverre har det ikkje lukkast å skaffe vikar denne veka heller. Dette seier vi oss svært leie for. Dersom nokon kjenner til aktuelle personar vi kunne kontakta for å vere vikar på danseklassene våre i framtida hadde vi sett stor pris på å få tips om dette.  

Danseelevane våre har diverre fått eit uroleg semester så langt i år. Så langt har de ikkje fått det tilbodet de har meldt dykk på til. De vil difor ikke måtte betale for anna enn den undervisninga de har fått.

Vi håper og trur at dansefaget skal kome i gang igjen på skikkeleg vis snarast råd. 

Om det er noko så er det berre å ta kontakt med meg.

Helsing Rektor

mandag 9. mars 2009

Rasmus og Verdens beste band, 14.mars i Kulturhuset

Rikskonsertene kjem til Strorfjord Kulturhus laurdan 14. mars med barne/familieforestillinga ”Rasmus og verdens beste band”. Dette er ein konsert som handler om Rasmus som har ein draum om å lage Verdens beste band. 

På desse konsertane ønsker dei at den lokale kulturskulen stiller opp og er med på konserten. Det er to låter dei vil vi skal vere med på. På den eine er det i hovudsak snakk om korpsinstrument. Den andre låten er eit ”skramleorkester”.

Stranda Skulekorps og Sunnylven Skulekorps er inviterte til å vere med på den eine låten. Låten de skal vere med på heiter ”Sommerferiah”. Dei som var på øvingshelga på Hellsylt søndag 8.mars fekk noten der. Andre kan få den dersom de snakkar med meg. Medlemmer av korpsa som vil vere med må ta med seg noten, instrument og notestativ når de møter opp i kulturhuset.

Til ”skramleorkesteret” har vi invitert slagverkarane i skulekorpsa og de som går på ”Kor’KULT”. Andre som går i Kulturskulen har også høve til å vere med i Skramleorkesteret. De skal sjølve ha med instrumenta de skal spele på. De må difor ta med minst eitt av følgjande ”instrument”. 10-liters plastbøtte+oppvaskkost, 2 store grytelokk (ikkje glasslokk…), 1 boks med litt småstein eller erter. For å sikre at alle ”instrumenta” vil vere representert, kan alle jentene ta med plastbøtte m/oppvaskkost, alle gutane tek med grytelokk, og alle saman tek med ei lite boks med småstein. 

Forestillinga er Laurdag 14.mars kl. 18.00 i Kulturhuset. Oppmøte er kl. 16.00. Då vil ”verdens beste band” instruere dykk, og fortelle det de treng å vite for at de skal vere med. De vil så få gratis inngang til konserten. Kulturskulen trur at dette kan bli ein kjempeartig opplevelse for dei som er med!

I tillegg ynskjer dei som arrangerer konserten at de kler dykk ut litt. Handlinga i forestillinga er lagt til 80-talet, så ta gjerne på klede frå 80-talet, men dette er ikkje så veldig viktig. 

Alle som er med å spele, enten på Sommerferiah eller i skramleorkersteret får kome gratis inn på konserten. For at vi skal vite ca. kor mange som kjem er det VELDIG viktig at de melder frå til Kulturskulen om at de kjem. Ring eller send SMS til rektor på tlf. 464 11 055 eller send ein e-post til kulturskulen@stranda.kommune.no med namn og evt kor mange som vert med. Dette er m.a. også for at Kulturhuset skal kunne halde av plassar til dykk i salen. Det er også lagt opp til at de får litt frukt/drikke mellom øvinga og konserten. 

Kulturskulen kan mest truleg ikkje stille med eigne folk, verken eg eller andre lærarar, denne dagen. De må difor ha med foreldre. Det er ikkje heil naudsynt at alle har med sine eigne foreldre, men om dine foreldre ikkje kan vere med, må du avtale å gå saman med nokon andre. 


Trond Otto Berg
Rektor


Nedanfor er den informasjonen eg har fått frå Rikskonsertene om gjennomføringa av denne dagen.

Kjære Stranda kulturskole,


Nå er det ikke lenge til Rasmus og verdens beste band har premiere, og snart skal de ut på veien og møte alle dere! 

Program for konsertdagen
Kulturskolens elever og medfølgende lærere skal møte opp på konsertstedet 
2 timer før konsertstart (OBS IKKE TO OG EN HALV TIME SOM TIDLIGERE SAGT). 

Lør 14. mars Storfjord kulturhus, Stranda kl 18:00
Oppmøte kulturskolen: kl 16:00

Dere blir tatt imot av arrangøren og vist til deres eget oppholdsrom. Deretter tar dere med instrumenter, noter og hjemmelagde rytmeinstrumenter inn på scenen, der dere møter musikerne. Det blir øving på scenen i én til halvannen time. Dere skal øve på fellesnummeret ”Sommerferiyeah” og på rytmenummeret ”Sila sand”, og dere skal øve på å gå opp og ned fra scenen med instrumentene deres, og på å finne setene i salen etterpå. 

Mellom øvelsen og konserten blir det ca en halvtimes ventetid. Da tar dere med instrumentene tilbake til oppholdsrommet, der arrangøren er blitt bedt om å sette fram litt frukt, boller og drikke. Deretter finner dere veien inn til plassene i salen som arrangøren har holdt av til dere.

Følge av voksne
Det er viktig at det er nok voksne (lærere eller foreldre) sammen med barna til at alle har det fint og trygt i timene foran konserten. Hver enkelt kulturskole vurderer dette selv ut fra alder og antall barn.

Fribilletter og plasser i salen
Husk å gi konsertstedet beskjed om hvor mange dere blir totalt med elever og lærere, slik at arrangøren kan holde av riktig antall plasser i salen. 


Antrekk
Forestillingen handler om noe som skjedde på begynnelsen av 80-tallet. Så hvis barna syns det er gøy å kle seg ut, kan de godt spørre mamma og pappa hva de pleide å ha på seg på 70- og 80-tallet! Og hvis noen syns det er vanskelig å finne på noe, kan de bare ta på helt vanlige klær som en olabukse og t-skjorte!

Andre ting dere skal ha med eller huske på?
-Husk at til rytmeworkshopen skal barna ha med enkle ”hjemmelagde” perkusjonsinstrumenter:
Grp1: Hver tar med 10 liters plastbøtte som spilles på med oppvaskkost
Grp2: Hver tar med 2 store kasserollelokk
Grp3: Hver tar med en liten lukket boks fylt med erter eller småstein

-Slagverkere som skal spille trommer på ”Sommerferiyeah” må ha bærbare trommer/perkusjonsinstrumenter, og vi minner igjen om at det ikke er anledning til å spille piano eller forsterkede instrumenter.

-Hvis dere har behov for å bruke noter på sommerferiyeah, må dere ta med egne notestativ. Det beste er selvsagt om dere har klyper foran på instrumentene, eller spiller utenat. Da blir det mye lettere å komme seg raskt opp på scenen. Men dette går seg uansett til under fellesøvelsen!

-Det er bra om barna har spist lunsj eller middag før de kommer til konsertstedet! 

onsdag 4. mars 2009

Informasjon om Samspelprosjektet

Stranda Kulturskule legg vekk timeplanane i heile mars månad og samlar alle elevane i sentrumskrinsen i ulike samspelgrupper. Bakgrunnen for denne samanslåinga er at vi ynskjer at elevane våre skal få ei samspelerfaring vi pr. i dag ikkje har høve til å gje dei innanfor dei tradisjonelle timeplanane.

Det å spele saman med andre er ei svært nyttig erfaring for dei fleste. Gjennom å spele saman med andre, enten på same instumentet eller på andre instrument, lærer ein å tilpasse seg og å innordne seg i orkesteret eller bandet. Når vi speler samen med andre vil dei aller fleste oppleve mykje større glede og entusiasme med musikken enn når vi berre sit og spelar for oss sjølve. 

Det å skulle spele samen med andre kan virke ”skummelt” for enkelte elevar. ”Tenk om andre høyrer at eg speler… og kva hvis eg spelar feil…??” tenkjer kanskje mange. Vi ynskjer heller at de skal sjå det frå ”andre sida” og seie til dykk sjølve: ”Så bra at vi er fleire saman. Då har eg fleire å gjømme meg bak, og folk høyrer det ikkje sjølvom eg speler feil”. Vår erfaring er at det er nettopp slik det vert når mange spelar saman – at dei som kanskje speler ein feil, får lov til å gjømme seg bak dei andre. Alle spelar av og til feile tonar, men forhåpentlegvis så gjer vi det ikkje samtidig… Slik vil dei sterkaste på gruppa hjelpe dei svakare til å finne større glede i musikken.

Når det gjeld musikken vi skal spele på desse gruppene er den tilpassa nivået til den enkelte som er med, men å klare å finne akkurat den musikken alle likar best greier vi nok dessverre ikkje. Dei fleste gruppene vil arbeide med fleire ”låter” på ulike nivå slik at dei fleste nok vil finne låter som passar og som de likar.  

Vi har forsøkt å sette saman gruppene litt utifrå alder og nivå på elevane, men enkelte grupper er meir blanda både med omsyn til alder og nivå. Lærarane vil likevel forsøke å finne musikk som er tilrettelagt nivået til den eneklte. 

Enkelte elevar spelar fleire instrument. Vi har tenkt på det når vi sette opp gruppene. Dei aller fleste vil få høve til å bruke begge instrumenta sine på den gruppa der dei er sette opp. 

Enkelte vil nok oppleve at tidspunktet for øvinga ikkje passar perfekt. Dette beklagar vi. Vi har forsøkt å ta omsyn til alle dei tinga vi veit om av aktiviteter, men særleg treningstider til alle dei ulike fotball/handball laga og andre liknande aktiviteter er det vanskeleg å ta omsyn tul. Vi ber om at de prioriterer dei oppsette tidene no i mars månad. Sidan dei fleste gruppene er sette opp med deltakrarar i ulike aldersgrupper og med deltakarar av begge kjønn er det vanskeleg for oss å gjere store tilpassingar utan at det går utover andre. 

Gruppene er sette opp men ulike besetningar og vi har forsøkt å ta omsyn til sterke og svake sider hos dei enkelte elevane våre i gruppeoppsettet. Det er difor ikkje heilt enkelt å berre byte gruppe om tidene ikkje passar. I dei fleste tilfellene vil vi då vere avhengig av at ein frå den andre gruppa, som spelar same instrumentet på nokonlunde same nivået som deg, kan byte med deg. Vi seier ikkje at dette er umogleg, men vi er i ugangspunktet restriktive med at enkelte skal byte gruppe. 

Det er dette opplegget som er undervisninga til kulturskulen no i mars månad. Elevar som av ulike årsaker ikkje ynskjer å delta i opplegget misser i utgangspunktet timen sin utan at de får redusert betaling av den grunn. Dersom det ligg føre sterke grunnar kan vi likevel vurdere å tilby enkelte elevar den vanlege speletimen denne månaden. Det må i så fall søkjast særskilt om fritak frå dette samspelprosjektet.

Vi vonar at dette samspelprosjektet vil verte interessant og gjevande for alle elevane våre. Det vi håper å finne ut er korleis vi skal organisere oss slik at alle elevane våre i framtida skal kunne ha eit fast samspeltilbod i tillegg til den vanlege speletimen sin. 

Lukke til!

tirsdag 3. februar 2009

Lærarane skal på kurs

Vi viser til utsendt skulerute, og minner om at mange av lærarane i Stranda Kulturskule skal på kurs 4., 5. og 6. feburar. Den påfølgande tysdagen har vi intern studiedag her på huset. Desse dagane vert det difor ingen undervisning. Dei andre dagane neste veke går undervisninga som normalt.



Med Helsing
Rektor

Avlysning Dans

Marielle har søkt om, og fått innvilga, velferdspermisjon i veke 6 og 7.  Det vert difor ingen danseundervisning desse dagane. 

Undervisninga går som normalt igjen i veke 8. 

Med Helsing 

Rektor

onsdag 21. januar 2009

Vikartimeplan for Mass Peter Jelle

VIKARTIMEPLAN MASS PETER

Mass Peter er sjukmeld ut januar månad. Det har ikkje lukkast oss å skaffe vikar som kan vere her onsdagar. Vi flyttar timane til fredag. De skal difor ha speletime fredag 23.januar og fredag 30.januar etter den planen som står nedanfor. Dersom de ikkje høyrer noko anna er det tilbake til normalplanen frå februar av.Vikar desse to vekene vert Elise Gjærde

  • 12.30 – 12.55Katrine Ødegård
  • 12.55 – 13.20 Ragnhild Årvik
  • 13.20 – 13.45 Marie Vangen
  • 13.45 – 14.10 Astri Johanne Tryggestad Fjørstad
  • 14.10 – 14.35 Lisa Marie Grøndahl
  • 14.35 – 15.00 Kissor Jeyabalam
  • 15.00 – 15.25 Tirill Vassbotn
  • 15.25 – 15.50 Tonje Corneliussen

Trond Otto Berg

Rektor