mandag 20. april 2009

Viktig info til danse-elevane

Læraren i dans er for tida sjukemeld. Førebels gjeld sjukemeldinga ut april månad. Det er ikkje usansynleg at den kan verte forlenga vidare utover dette....

Dansen er difor avlyst inntil vidare. Dersom vi kjem igang igjen før sommaren vil det verte gjeve melding om dette.

Kulturskulen er svært lei seg for dette! Vi hadde god tru på at dansefaget ville fungere godt no i vårsemesteret. Dette har det ikkje gjort. Vi beklagar dette på det sterkaste. Vi vil forsøke å gå igjennom dansefaget på nytt med tanke på å få på plass eit noko sikrare system frå hausten av.

Eg forstår sjølvsagt at de er skuffa over det tilbodet de har fått i dans i vårsemesteret. Det manglande tilbodet står ikkje i samsvar med det de forventa då de melde dykk på. Det er heller ikkje i nærleiken av det kulturskulen sa vio skulle levere. Når det gjeld betaling for tilbodet har vi ikkje bestemt enno kva som skjer med den, men betalinga vil stå i samsvar med det tilbodet de faktisk har fått!

Igjen må kulturskulen beklage på det sterkaste at vi ikkje har levert det tilbodet de forventa å få. Sjukdom er det ingen som kontrollerer, og det har vist seg uråd å få inn vikar når den faste læraren er sjukemeld. Vi ber om forståing for dette.

Med Helsing
Trond Otto Berg
Rektor

Ingen kommentarer: