mandag 16. mars 2009

Informasjon til påmelde i dansefaget

Diverre er danselæraren vår sjukmeld ut denne veka. Vi håper og trur at ho er tilbake frå og med neste veke.

Diverre har det ikkje lukkast å skaffe vikar denne veka heller. Dette seier vi oss svært leie for. Dersom nokon kjenner til aktuelle personar vi kunne kontakta for å vere vikar på danseklassene våre i framtida hadde vi sett stor pris på å få tips om dette.  

Danseelevane våre har diverre fått eit uroleg semester så langt i år. Så langt har de ikkje fått det tilbodet de har meldt dykk på til. De vil difor ikke måtte betale for anna enn den undervisninga de har fått.

Vi håper og trur at dansefaget skal kome i gang igjen på skikkeleg vis snarast råd. 

Om det er noko så er det berre å ta kontakt med meg.

Helsing Rektor

mandag 9. mars 2009

Rasmus og Verdens beste band, 14.mars i Kulturhuset

Rikskonsertene kjem til Strorfjord Kulturhus laurdan 14. mars med barne/familieforestillinga ”Rasmus og verdens beste band”. Dette er ein konsert som handler om Rasmus som har ein draum om å lage Verdens beste band. 

På desse konsertane ønsker dei at den lokale kulturskulen stiller opp og er med på konserten. Det er to låter dei vil vi skal vere med på. På den eine er det i hovudsak snakk om korpsinstrument. Den andre låten er eit ”skramleorkester”.

Stranda Skulekorps og Sunnylven Skulekorps er inviterte til å vere med på den eine låten. Låten de skal vere med på heiter ”Sommerferiah”. Dei som var på øvingshelga på Hellsylt søndag 8.mars fekk noten der. Andre kan få den dersom de snakkar med meg. Medlemmer av korpsa som vil vere med må ta med seg noten, instrument og notestativ når de møter opp i kulturhuset.

Til ”skramleorkesteret” har vi invitert slagverkarane i skulekorpsa og de som går på ”Kor’KULT”. Andre som går i Kulturskulen har også høve til å vere med i Skramleorkesteret. De skal sjølve ha med instrumenta de skal spele på. De må difor ta med minst eitt av følgjande ”instrument”. 10-liters plastbøtte+oppvaskkost, 2 store grytelokk (ikkje glasslokk…), 1 boks med litt småstein eller erter. For å sikre at alle ”instrumenta” vil vere representert, kan alle jentene ta med plastbøtte m/oppvaskkost, alle gutane tek med grytelokk, og alle saman tek med ei lite boks med småstein. 

Forestillinga er Laurdag 14.mars kl. 18.00 i Kulturhuset. Oppmøte er kl. 16.00. Då vil ”verdens beste band” instruere dykk, og fortelle det de treng å vite for at de skal vere med. De vil så få gratis inngang til konserten. Kulturskulen trur at dette kan bli ein kjempeartig opplevelse for dei som er med!

I tillegg ynskjer dei som arrangerer konserten at de kler dykk ut litt. Handlinga i forestillinga er lagt til 80-talet, så ta gjerne på klede frå 80-talet, men dette er ikkje så veldig viktig. 

Alle som er med å spele, enten på Sommerferiah eller i skramleorkersteret får kome gratis inn på konserten. For at vi skal vite ca. kor mange som kjem er det VELDIG viktig at de melder frå til Kulturskulen om at de kjem. Ring eller send SMS til rektor på tlf. 464 11 055 eller send ein e-post til kulturskulen@stranda.kommune.no med namn og evt kor mange som vert med. Dette er m.a. også for at Kulturhuset skal kunne halde av plassar til dykk i salen. Det er også lagt opp til at de får litt frukt/drikke mellom øvinga og konserten. 

Kulturskulen kan mest truleg ikkje stille med eigne folk, verken eg eller andre lærarar, denne dagen. De må difor ha med foreldre. Det er ikkje heil naudsynt at alle har med sine eigne foreldre, men om dine foreldre ikkje kan vere med, må du avtale å gå saman med nokon andre. 


Trond Otto Berg
Rektor


Nedanfor er den informasjonen eg har fått frå Rikskonsertene om gjennomføringa av denne dagen.

Kjære Stranda kulturskole,


Nå er det ikke lenge til Rasmus og verdens beste band har premiere, og snart skal de ut på veien og møte alle dere! 

Program for konsertdagen
Kulturskolens elever og medfølgende lærere skal møte opp på konsertstedet 
2 timer før konsertstart (OBS IKKE TO OG EN HALV TIME SOM TIDLIGERE SAGT). 

Lør 14. mars Storfjord kulturhus, Stranda kl 18:00
Oppmøte kulturskolen: kl 16:00

Dere blir tatt imot av arrangøren og vist til deres eget oppholdsrom. Deretter tar dere med instrumenter, noter og hjemmelagde rytmeinstrumenter inn på scenen, der dere møter musikerne. Det blir øving på scenen i én til halvannen time. Dere skal øve på fellesnummeret ”Sommerferiyeah” og på rytmenummeret ”Sila sand”, og dere skal øve på å gå opp og ned fra scenen med instrumentene deres, og på å finne setene i salen etterpå. 

Mellom øvelsen og konserten blir det ca en halvtimes ventetid. Da tar dere med instrumentene tilbake til oppholdsrommet, der arrangøren er blitt bedt om å sette fram litt frukt, boller og drikke. Deretter finner dere veien inn til plassene i salen som arrangøren har holdt av til dere.

Følge av voksne
Det er viktig at det er nok voksne (lærere eller foreldre) sammen med barna til at alle har det fint og trygt i timene foran konserten. Hver enkelt kulturskole vurderer dette selv ut fra alder og antall barn.

Fribilletter og plasser i salen
Husk å gi konsertstedet beskjed om hvor mange dere blir totalt med elever og lærere, slik at arrangøren kan holde av riktig antall plasser i salen. 


Antrekk
Forestillingen handler om noe som skjedde på begynnelsen av 80-tallet. Så hvis barna syns det er gøy å kle seg ut, kan de godt spørre mamma og pappa hva de pleide å ha på seg på 70- og 80-tallet! Og hvis noen syns det er vanskelig å finne på noe, kan de bare ta på helt vanlige klær som en olabukse og t-skjorte!

Andre ting dere skal ha med eller huske på?
-Husk at til rytmeworkshopen skal barna ha med enkle ”hjemmelagde” perkusjonsinstrumenter:
Grp1: Hver tar med 10 liters plastbøtte som spilles på med oppvaskkost
Grp2: Hver tar med 2 store kasserollelokk
Grp3: Hver tar med en liten lukket boks fylt med erter eller småstein

-Slagverkere som skal spille trommer på ”Sommerferiyeah” må ha bærbare trommer/perkusjonsinstrumenter, og vi minner igjen om at det ikke er anledning til å spille piano eller forsterkede instrumenter.

-Hvis dere har behov for å bruke noter på sommerferiyeah, må dere ta med egne notestativ. Det beste er selvsagt om dere har klyper foran på instrumentene, eller spiller utenat. Da blir det mye lettere å komme seg raskt opp på scenen. Men dette går seg uansett til under fellesøvelsen!

-Det er bra om barna har spist lunsj eller middag før de kommer til konsertstedet! 

onsdag 4. mars 2009

Informasjon om Samspelprosjektet

Stranda Kulturskule legg vekk timeplanane i heile mars månad og samlar alle elevane i sentrumskrinsen i ulike samspelgrupper. Bakgrunnen for denne samanslåinga er at vi ynskjer at elevane våre skal få ei samspelerfaring vi pr. i dag ikkje har høve til å gje dei innanfor dei tradisjonelle timeplanane.

Det å spele saman med andre er ei svært nyttig erfaring for dei fleste. Gjennom å spele saman med andre, enten på same instumentet eller på andre instrument, lærer ein å tilpasse seg og å innordne seg i orkesteret eller bandet. Når vi speler samen med andre vil dei aller fleste oppleve mykje større glede og entusiasme med musikken enn når vi berre sit og spelar for oss sjølve. 

Det å skulle spele samen med andre kan virke ”skummelt” for enkelte elevar. ”Tenk om andre høyrer at eg speler… og kva hvis eg spelar feil…??” tenkjer kanskje mange. Vi ynskjer heller at de skal sjå det frå ”andre sida” og seie til dykk sjølve: ”Så bra at vi er fleire saman. Då har eg fleire å gjømme meg bak, og folk høyrer det ikkje sjølvom eg speler feil”. Vår erfaring er at det er nettopp slik det vert når mange spelar saman – at dei som kanskje speler ein feil, får lov til å gjømme seg bak dei andre. Alle spelar av og til feile tonar, men forhåpentlegvis så gjer vi det ikkje samtidig… Slik vil dei sterkaste på gruppa hjelpe dei svakare til å finne større glede i musikken.

Når det gjeld musikken vi skal spele på desse gruppene er den tilpassa nivået til den enkelte som er med, men å klare å finne akkurat den musikken alle likar best greier vi nok dessverre ikkje. Dei fleste gruppene vil arbeide med fleire ”låter” på ulike nivå slik at dei fleste nok vil finne låter som passar og som de likar.  

Vi har forsøkt å sette saman gruppene litt utifrå alder og nivå på elevane, men enkelte grupper er meir blanda både med omsyn til alder og nivå. Lærarane vil likevel forsøke å finne musikk som er tilrettelagt nivået til den eneklte. 

Enkelte elevar spelar fleire instrument. Vi har tenkt på det når vi sette opp gruppene. Dei aller fleste vil få høve til å bruke begge instrumenta sine på den gruppa der dei er sette opp. 

Enkelte vil nok oppleve at tidspunktet for øvinga ikkje passar perfekt. Dette beklagar vi. Vi har forsøkt å ta omsyn til alle dei tinga vi veit om av aktiviteter, men særleg treningstider til alle dei ulike fotball/handball laga og andre liknande aktiviteter er det vanskeleg å ta omsyn tul. Vi ber om at de prioriterer dei oppsette tidene no i mars månad. Sidan dei fleste gruppene er sette opp med deltakrarar i ulike aldersgrupper og med deltakarar av begge kjønn er det vanskeleg for oss å gjere store tilpassingar utan at det går utover andre. 

Gruppene er sette opp men ulike besetningar og vi har forsøkt å ta omsyn til sterke og svake sider hos dei enkelte elevane våre i gruppeoppsettet. Det er difor ikkje heilt enkelt å berre byte gruppe om tidene ikkje passar. I dei fleste tilfellene vil vi då vere avhengig av at ein frå den andre gruppa, som spelar same instrumentet på nokonlunde same nivået som deg, kan byte med deg. Vi seier ikkje at dette er umogleg, men vi er i ugangspunktet restriktive med at enkelte skal byte gruppe. 

Det er dette opplegget som er undervisninga til kulturskulen no i mars månad. Elevar som av ulike årsaker ikkje ynskjer å delta i opplegget misser i utgangspunktet timen sin utan at de får redusert betaling av den grunn. Dersom det ligg føre sterke grunnar kan vi likevel vurdere å tilby enkelte elevar den vanlege speletimen denne månaden. Det må i så fall søkjast særskilt om fritak frå dette samspelprosjektet.

Vi vonar at dette samspelprosjektet vil verte interessant og gjevande for alle elevane våre. Det vi håper å finne ut er korleis vi skal organisere oss slik at alle elevane våre i framtida skal kunne ha eit fast samspeltilbod i tillegg til den vanlege speletimen sin. 

Lukke til!