fredag 17. august 2012

Oppstart av skuleåret 12-13

Stranda Kulturskule startar skuleåret med to fellessamlingar for elevar, føresette og lærarar.

Storfjrod Kulturhus - onsdag 22.august kl. 18.00. Obligatirisk for alle elevar i Stranda og Liabygda krinsar.

NB! NYTT MØTE!!!
Sunnylven Skule - torsdag 23.august kl. 16.30. Obligatorisk for alle elevar i Sunnylven.

På desse samlingane vil det verte gjeve viktig informasjon om tilboda i kulturskulen, krav og forventingar vi har til elevane/familiane og kva de kan forvente av oss. TIMEPLANANE skal også leggast endeleg på dette møtet. Det er difor særs viktig at de møter på denne samlinga slik at alle får den speletida som passar for den enkelte.

Undervisninga for alle startar i veke 35 (27. - 31.august)

Med helsing
Rektor

tirsdag 26. juni 2012

VIKTIG MELDING!

Denne meldinga er til dei som IKKJE har meldt frå skriftleg til kulturskulen ang. neste skuleår.

Det er mange som ikkje har svart om dei skal fortsette eller slutte neste skuleår. Dei som ynskjer å SLUTTE MÅ sende melding (46411055) eller aller helst e-post (kulturskulen@stranda.kommune.no) til rektor SNARAST, og seinast innan i morgon onsdag 27.06.2012. Dei eg ikkje høyrer noko frå vil behalde plassen sin også hausten 2012.