mandag 20. april 2009

Viktig info til danse-elevane

Læraren i dans er for tida sjukemeld. Førebels gjeld sjukemeldinga ut april månad. Det er ikkje usansynleg at den kan verte forlenga vidare utover dette....

Dansen er difor avlyst inntil vidare. Dersom vi kjem igang igjen før sommaren vil det verte gjeve melding om dette.

Kulturskulen er svært lei seg for dette! Vi hadde god tru på at dansefaget ville fungere godt no i vårsemesteret. Dette har det ikkje gjort. Vi beklagar dette på det sterkaste. Vi vil forsøke å gå igjennom dansefaget på nytt med tanke på å få på plass eit noko sikrare system frå hausten av.

Eg forstår sjølvsagt at de er skuffa over det tilbodet de har fått i dans i vårsemesteret. Det manglande tilbodet står ikkje i samsvar med det de forventa då de melde dykk på. Det er heller ikkje i nærleiken av det kulturskulen sa vio skulle levere. Når det gjeld betaling for tilbodet har vi ikkje bestemt enno kva som skjer med den, men betalinga vil stå i samsvar med det tilbodet de faktisk har fått!

Igjen må kulturskulen beklage på det sterkaste at vi ikkje har levert det tilbodet de forventa å få. Sjukdom er det ingen som kontrollerer, og det har vist seg uråd å få inn vikar når den faste læraren er sjukemeld. Vi ber om forståing for dette.

Med Helsing
Trond Otto Berg
Rektor

fredag 3. april 2009

LÆRARKONSERT

Stranda Kulturskule inviterer til STOR lærarkonsert i Stranda Kulturskule I KVELD kl. 19.30 i Storfjord Kulturhus.

Vi gjentek suksesen frå i fjor og arangerer ein spanande og innhaldsrik konsert der lærarane i kulturskulen skal vise kva dei har å fare med!

Vi får høyre dei fleste lærarane i Kulturskulen i ulike konstellasjonar og med ulike band og sjagrar.
Ikkje nok med det... Saman med oss har vi ikkje mindre enn tre ulike elevband!

Av programmet kan vi nemne.
Moværs "All Star" Ragtimeorkester
Stranda Messingkvintett
Ramstads Jazzorkester
Free Flow Crew
Foxy
3 ulike elevorkeser
Klaverorkester
og mykje meir........


Ta med deg din bedre halvdel, ein venn.. eller nokon du møter på vegen... og kom til STORFJORD KULTURHUS i Kveld og få med deg denne swingane starten på påska.

GRATIS INNGANG!!!!

onsdag 1. april 2009

Køyreplan for elevar FREDAG 3.april



NB!!! MØT OPP MINIMUM 15 MINUTT FØR OPPSETT TID FOR LYDPRØVE!

Free Flow Crew møter SEINAST 18.30
Gruppe 1 "Mustang Sally" møter SEINAST 18.00
Gruppe 2 "Beatles sanger" møter SEINAST 18.15

Messingkvintett møter SEINAST kl. 19.00

"Toss the feathers" (The corrs) møter seinast kl. 16.45