onsdag 4. mars 2009

Informasjon om Samspelprosjektet

Stranda Kulturskule legg vekk timeplanane i heile mars månad og samlar alle elevane i sentrumskrinsen i ulike samspelgrupper. Bakgrunnen for denne samanslåinga er at vi ynskjer at elevane våre skal få ei samspelerfaring vi pr. i dag ikkje har høve til å gje dei innanfor dei tradisjonelle timeplanane.

Det å spele saman med andre er ei svært nyttig erfaring for dei fleste. Gjennom å spele saman med andre, enten på same instumentet eller på andre instrument, lærer ein å tilpasse seg og å innordne seg i orkesteret eller bandet. Når vi speler samen med andre vil dei aller fleste oppleve mykje større glede og entusiasme med musikken enn når vi berre sit og spelar for oss sjølve. 

Det å skulle spele samen med andre kan virke ”skummelt” for enkelte elevar. ”Tenk om andre høyrer at eg speler… og kva hvis eg spelar feil…??” tenkjer kanskje mange. Vi ynskjer heller at de skal sjå det frå ”andre sida” og seie til dykk sjølve: ”Så bra at vi er fleire saman. Då har eg fleire å gjømme meg bak, og folk høyrer det ikkje sjølvom eg speler feil”. Vår erfaring er at det er nettopp slik det vert når mange spelar saman – at dei som kanskje speler ein feil, får lov til å gjømme seg bak dei andre. Alle spelar av og til feile tonar, men forhåpentlegvis så gjer vi det ikkje samtidig… Slik vil dei sterkaste på gruppa hjelpe dei svakare til å finne større glede i musikken.

Når det gjeld musikken vi skal spele på desse gruppene er den tilpassa nivået til den enkelte som er med, men å klare å finne akkurat den musikken alle likar best greier vi nok dessverre ikkje. Dei fleste gruppene vil arbeide med fleire ”låter” på ulike nivå slik at dei fleste nok vil finne låter som passar og som de likar.  

Vi har forsøkt å sette saman gruppene litt utifrå alder og nivå på elevane, men enkelte grupper er meir blanda både med omsyn til alder og nivå. Lærarane vil likevel forsøke å finne musikk som er tilrettelagt nivået til den eneklte. 

Enkelte elevar spelar fleire instrument. Vi har tenkt på det når vi sette opp gruppene. Dei aller fleste vil få høve til å bruke begge instrumenta sine på den gruppa der dei er sette opp. 

Enkelte vil nok oppleve at tidspunktet for øvinga ikkje passar perfekt. Dette beklagar vi. Vi har forsøkt å ta omsyn til alle dei tinga vi veit om av aktiviteter, men særleg treningstider til alle dei ulike fotball/handball laga og andre liknande aktiviteter er det vanskeleg å ta omsyn tul. Vi ber om at de prioriterer dei oppsette tidene no i mars månad. Sidan dei fleste gruppene er sette opp med deltakrarar i ulike aldersgrupper og med deltakarar av begge kjønn er det vanskeleg for oss å gjere store tilpassingar utan at det går utover andre. 

Gruppene er sette opp men ulike besetningar og vi har forsøkt å ta omsyn til sterke og svake sider hos dei enkelte elevane våre i gruppeoppsettet. Det er difor ikkje heilt enkelt å berre byte gruppe om tidene ikkje passar. I dei fleste tilfellene vil vi då vere avhengig av at ein frå den andre gruppa, som spelar same instrumentet på nokonlunde same nivået som deg, kan byte med deg. Vi seier ikkje at dette er umogleg, men vi er i ugangspunktet restriktive med at enkelte skal byte gruppe. 

Det er dette opplegget som er undervisninga til kulturskulen no i mars månad. Elevar som av ulike årsaker ikkje ynskjer å delta i opplegget misser i utgangspunktet timen sin utan at de får redusert betaling av den grunn. Dersom det ligg føre sterke grunnar kan vi likevel vurdere å tilby enkelte elevar den vanlege speletimen denne månaden. Det må i så fall søkjast særskilt om fritak frå dette samspelprosjektet.

Vi vonar at dette samspelprosjektet vil verte interessant og gjevande for alle elevane våre. Det vi håper å finne ut er korleis vi skal organisere oss slik at alle elevane våre i framtida skal kunne ha eit fast samspeltilbod i tillegg til den vanlege speletimen sin. 

Lukke til!

Ingen kommentarer: