onsdag 4. november 2009

Tider for lydprøver 13. november

Vi har sett opp følgjande tider for lydprøver i Storfjord Kulturhus fredag 13. november.

Det er viktig at kvar enkelt kjem seg til kultuhuset I GOD TID før desse tidene, og ta de har med ALT utstyret de treng! Vi har knapt med tid denne dagen, og det vert ikkje mykje tid for den enkelte til å ØVE på scena. Vi er difor avhengige av at alle møter GODT FØREBUDD!

Dei som har tidleg øvingstid (til og med "Smoke on the water") kan reise heim og ete/evt skifte etter lydprøva. Den siste gruppa vil ikkje rekke heim etter lydprøva og før konserten.



Barnekor – kl. 14.50

Feleorkester – kl. 15.20

Piano Orkester – kl. 16.05

Killing me softy – kl.16.15

Smoke on the water – kl. 16.35

Storband – kl.16.55
(Come on Come over + Watermelon man)

Om du lurer på noko i samband med dette "Showet" kan du kontakte læraren din direkte eller rektor.

VEL MØTT!

.. og ta med deg maaaaaaange venner, familie og kjende på dette SHOWET!

Ingen kommentarer: