fredag 4. januar 2008

Framleis ledige plassar på Dansefaget

Etter å ha registeret alle søknadene på det nye dansefaget i Stranda Kulturskule har vi framleis ein del ledige plasser.  Vi utvidar difor søknadsfristen for faget.  Ny søknadsfrist vert difor torsdag 10.januar.  

Det er først og fremst frå 7. -10. klasse vi har få søkjarar.  Dei som vert prioriterte ved opptak er difor:
1. Elevar som gjekk på dansefaget før jul.
2. Elevar frå 7. - 10. klasse
3. Ledige plassar vert fyllt opp fortløpande ettersom søknadene kjem inn! Det lønner seg å vere tidleg ute!

Slik søknadene fordeler seg ser vi at vi vil ha ledige plassar også for 5.klassingar.  
Dersom vi ikkje kan fylle opp ei danseklasse for 5.klassingar vil vi også opne for 
4.klassingar.  Både 5.klasingar og 4.klassingar kan difor søkje om opptak no 
i denne utvida søknadstida. 

Vi minner også om at ALLE som gjekk på dansefaget i haust og som ynskjer å fortsette må melde seg inn på nytt!!!! Snart halvparten av elevane frå hausten har ikkje meldt seg på for vårsemesteret.  Vi vel å tru at dette skuldast ei misforståing.  For elevar som gjekk i haustsemesteret held det å sende ein mail til kulturskulen@stranda.kommun.no om at de ynskjer å fortsette.

Andre elevar må sende inn nytt søknadsskjema. De finn dette på kommunen sine heimesider, på kulturhuset, biblioteket eller servicekontoret.

Send søknaden i posten til Stranda Kulturskule, Boks 264, 6201 STRANDA eller på e-post til kulturskulen@stranda.kommune.no

Med Helsing
Rektor

Ingen kommentarer: