tirsdag 16. mars 2010

Beatles-prosjektet

Vi ynskjer å kome med ei viktg pressisering for deltakarane på Beatles-prosjektet.
Det skal vere 3 Beatles-konsertar.
Først, tysdag 23. mars kl. 18.00 er det "Generalprøvekonsert" i Storfjord Kulturhus. Her får familie, venner og kjende høyre dei ulike banda.

Onsdag 24. mars skal vi ta TO skulekonsertar for elevane ved Ringstad og Helstad skule.
1. - 4. klasse kl. 10.00
5. - 7. klasse + Helstad kl. 11.30

Elevane kan i hovudsak møte opp saman med skulen til kl. 10.00 Dei som skal møte før får beskjed om dette direkte frå læraren sin.

Dei som ynskjer det kan ta med maten hit til Kulturskulen og ete her. Dei kan også gå tilbake til skulen og ete saman med klassa, og kome nedigjen saman med neste gruppe. Siste konserten er ferdig ca. 12.15.

Vi beklagar at desse opplysningane hadde falle ut frå det siste brevet.

mvh
Rektor

Ingen kommentarer: