tirsdag 9. mars 2010

Informasjon til Konfirmantar og 10.-klassingar i Beatles-prosjektet.

For konfirmantar frå Stranda som er med veit vi at de har sett opp obligatorisk konfirmantundervisning både 11. og 23.mars. Vi har vore i kontakt med Øystein Braaten og har avklart at de likevel kan vere med på desse øvingane/konsertane som er sett opp her. Det vil verte eit eige opplegg for dykk.

Vi er også kjent med at 10-klassingane ved Stranda Ungdomsskule skal ha tentamenar i konsertveka. Vi er i dialog med Stranda Ungdomsskule og håper å få til eit opplegg der dei aller fleste av dykk skal kunne få med seg både konsertane og tentamenar. Om vi ikkje får det til, så er det sjølvsagt tentamenane som skal prioriterast. Vi kjem med meir info om dette når det er klart.

Ingen kommentarer: