tirsdag 9. mars 2010

Oppsett for øvingstider for Beatles-prosjektet

Tida for Beatles-konsertane våre nærmar seg. Øvingane er godt i gang, og alle skal no ha fått notar på dei låtane de skal spele.

Som før skrive går undervisninga dei to første veke i mars som normalt for alle elevane. Nokre skal i tillegg til den normale speletimen desse vekene ha fellesøving med sitt band. Dette har de fått brev om tidlegare.

Dei to siste vekene før påske skal imidlertid alle som er med på Beatles-konsertane berre ha bandøving. Vi har no sett opp ein timeplan for desse øvingane:

Get Back
Torsdag 18.mars 15:00 16:00 Hjorten
Tysdag 23.mars 14:15 14:45 Scena - Lydprøve
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

Hard days Night
Tysdag 16.mars 17:00 18:00 Hjorten
Tysdag 23.mars 14:45 15:05 Scena - Lydprøve
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

All my loving
Tysdag 16.mars 18:00 19:00 Hjorten
Tysdag 23.mars 15:45 16:05 Scena - Lydprøve
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

She loves you
Torsdag 18.mars 16:00 17:00 Hjorten
Tysdag 23.mars 15:05 15:25 Scena - Lydprøve
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

Penny Lane
Torsdag 18.mars 18:00 til vi er fedig Hjorten
Tysdag 23.mars 16:25 16:45 Scena - Lydprøve
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

Yesterday
Tysdag 16.mars 19:00 20:00 Hjorten
Tysdag 23.mars 16:05 16:25 Scena - Lydprøve
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

Obla-di Obla-da
Torsdag 18.mars 17:00 18:00 Hjorten
Tysdag 23. Mars 15:25 15:45 Scena - Lydprøve
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

Yellow Submarine
Måndag 8.mars 17:30 18:45 Hjorten
Måndag 15.mars 17:30 18:45 Hjorten
Tysdag 23.mars 16:00 16:20 Hjorten - (seinare på scena)
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

All you need is love (band)
Torsdag 18.mars 18:00 til vi er ferdig Hjorten
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 Scena - Lydprøve - fellesøving med alle!
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

Potpurri (Barnekoret)
Onsdag 17.mars 14:10 15:15 Hjorten
Tysdag 23.mars 16:45 17:00 Scena - Lydprøve
Tysdag 23.mars 17:00 17:30 FELLESØVING FOR ALLE på "All you need is love"
Tysdag 23.mars 18:00 19:30(max) Generalprøve/Konsert i Kulturhuset

I det opphavlege oppsettet var også Kulturell Førskule og KorKULT! Sett opp til å delta på desse konsertane. På grunn av den vanskelege vikarsituasjonen for desse gruppene har vi teke dei ut av programmet no. Vi seier oss leie for dette.Kulturell Førskule og Kor’KULT! skal difor ikkje delta på konsertane eller øvingane desse vekene. De skal ha vanleg undervisning desse vekene.

For konfirmantar frå Stranda som er med veit vi at de har sett opp obligatorisk konfirmantundervisning både 11. og 23.mars. Vi har vore i kontakt med Øystein Braaten og har avklart at de likevel kan vere med på desse øvingane/konsertane som er sett opp her. Det vil verte eit eige opplegg for dykk.

Vi er også kjent med at 10-klassingane ved Stranda Ungdomsskule skal ha tentamenar i konsertveka. Vi er i dialog med Stranda Ungdomsskule og håper å få til eit opplegg der dei aller fleste av dykk skal kunne få med seg både konsertane og tentamenar. Om vi ikkje får det til, så er det sjølvsagt tentamenane som skal prioriterast. Vi kjem med meir info om dette når det er klart.

Feler frå Sunnylven skal øve på Stranda berre 23.mars og delta på konsertane 24. mars. Dei andre øvingane skal de ha på Hellesylt med Synnøve og Gunnar Inge. Desse vert på tysdagar. Synnøve/Gunnar Inge avtaler desse direkte med dykk. Kulturskulen har gitt skulen beskjed om øvingane/konsertane 23. og 24. Kvar enkelt familie må i tillegg søkje elevane fri den nødvendige tida.

All you need is love skal avslutte konsertane. Då skal ALLE som er med på konserten vere med å synge på refrenget. Difor må ALLE vere med på felleøvinga kl. 17.00 tysdag 23.mars. Teksten er svært enkel… nesten berre ”All you need is love”… mange, mange gonger….

På grunn av vegstenginga til på vegen til Hellesylt er det ABSOLUTT siste frist for å avslutte konserten 23.mars kl. 19.30.

Ingen kommentarer: