fredag 26. mars 2010

Evaluering

Vi lærarane ved Kulturskulen ynskjer at foreldre/føresette og barna kan gje oss tilbakemelding på det samspelopplegget vi har hatt med Beatles-programma våre no i mars månad.

Vi vil gjerne ha litt tilbakemeldingar på desse tinga:
1. Tidsbruk til samspelprosjektet. (Nok tid? For lite tid? For mykje tid?)
2. Korleis fungerer det å flytte timar?
3. Korleis opplever elevane samspelsituasjonen?
4. Var Informasjonen de fekk god nok?
5. Korleis fungerer denne bloggen og sms systemet når det gjeld å gje beskjeder?
6. Eventuelt andre kommentarar.

Legg gjerne igjen komentarar her på Bloggen, eller send ein e-post til kulturskulen@stranda.kommune.no


Helsing

Lærarane i Kulturskulen

4 kommentarer:

Anonym sa...

Eg tykkjer samspelsprosjektet var vel gjennomført. Det er morosamt å spele med andre og det er god læring. Skulle ynskje at elevens lærar fekk ansvaret for å gje eleven den informasjonen han treng, slik at han slepp resten av kulturskulens elevar sine oppmøtetider osb.
Har høyrt frå fleire som meinar det same så dette bør de kanskje tenkje på.

Anonym sa...

Veldig bra prosjekt og kjekt for elevane. Trur det er veldig inspirerande å spele ilag med andre, og felles song nummer er topp. Einig med forrige innlegg at informasjonsdelen til kvar elev kan forbedrast.

Kari Anne Stølen sa...

Svært flott Beatles opplegg!
God ide med bandspeling.
Som lærar på barneskulen skulle eg berre ønskje at elevane vart betre informerte om frammøtetidene sine til skulekonsertane. Dette har vore eit svakt punkt i fleire år. Det er ikkje nok for oss på skulen å få ei smørbrødliste over kven som skal møte. Vi må ha skriftleg info om NÅR kvar enkelt skal møte. Gjennom samtalar med foreldre i etterkant har eg fått vite at ikkje alle heimar var informerte om opplegget for denne dagen! Elevar kjem gjerne til oss og spør, og vi veit ingen ting. Mange elevar blir usikre når avtalane ikkje er tydlege nok på førehand. Eg synest heller ikkje noko om å sende barn ut i trafikken utan at eg veit det er avtala og avklara på førehand. Dersom det skulle skje ei ulykke på vegen ned, eller nokon finn ut at dei vil stikke av - Kven har ansvaret? Dette burde vere ein enkel sak å få retta på.

Anonym sa...

flott tiltak, men litt mykje herming etter den talentfulle gruppa som hadde beatles sangar ifjor? blir mykje meir spennandes om gruppene spelar forskjellige ting vgs bør også få vere med på prosjektet. dei har mykje å bidra med og er til inspirasjon for dei yngre